Havet blei redninga i livet til Mats
Kategori: Sunnmøre i dag
2. november 2021
Før helga dukka det opp ei stillingsutlysning utanom det vanlege. Fritidsskipparen Mats søkjer etter ungdom med hol i CV'n til å vere med på seilas. Han sleit sjølv mykje i ungdomstida, og erfarte at livet på havet var med på å redde han. No vil han hjelpe andre med å få den same positive erfaringa som han, og kanskje kan det hjelpe fleire. Målet er å få skuta på sjøen til jul, men for å få det til treng han hjelp. Han seier at om ein først skal skulke skulen kan dei heller kome til han og vere med å jobbe.
Finn oss på: Facebook | YouTube | Instagram
© Maxlokal 2017. Design av Kristian Eliassen.